Skip to content

Arkeologi utan teskei

april 26, 2010

Tok desse bileta på veg til jobb på Gjerstad for eit par veker sidan. Her ser det ut til at kyrkjegarden skal utvidast. Ein gravemaskin fjerner dei øvste jordmassane slik at arkeologane evt. kan avdekke kulturminne som til dømes kokegropar, graver, stolpehull, ildstader og dyrkingspor. Eg veit ikkje om dei fann noko her, men for eit utrent auge ser det i alle høve ut til å vere eit godt lag med matjord som nok har vore dyrka i generasjonar. No skal jorda altså huse dei døde som også krev plass i takt med tida.

Digitalisering av kulturarven

april 22, 2010

Eg var nyleg på konferanse i regi av Landslaget for lokal- og privatarkiv. Gjennomgangstema var digitalisering av arkiv. Kvifor digitaliserar vi? Gudmund Walderhaug skilja mellom digitalisering for bevaring og digitalisering for tilgjengeleggjering og formidling. Det er helst det siste eg tek opp her. Ein viktig del av kulturarven vert tilgjengeleg for oss gjennom nokre få tastetrykk på datamaskinen. Dette inneber ein demokratisering  («demokratiet kan målast etter i kva grad menneska har tilgang til arkivet og kan delta i skapinga og tolkinga av det» (Jacques Derrida)). Når det gjeld privatarkiv ligg det ingen statlege føringar for satsing, og det er berre tilfeldeg kva som blir bevart av arkiv etter bedrifter, personarkiv og lag og organisasjonar. Der kan ikkje vere riktig at det berre er maktas relevansoppleving som avgjer kva som blir bevart. Alle sider ved samfunnet er viktig å bevare. Ser ein til dømes på dei frivillege lag og organisasjonane, har dei vore sjølve hjørnesteinane i mange lokalsamfunn gjennom sitt bidrag til samhald og sosiale fellesskap.

Konklusjonen må vere at vi treng ein heilskapleg digitaliseringsstrategi som tek omsyn til mangfaldet innan arkivlandskapet, og at eit slik initiativ bør komme frå staleg hald. Litt svulstig kan ein jo seie at det handlar om lik rett på tilgang til kulturarven.

Inntil vidare kan vi, som eit lite lokalhistorisk arkiv, berre synleggjere behovet gjonnom å vise til vellukka resultat. Osterøy museum har mellom anna gjennomført prosjektet «Dokumentasjon og formidling av organisasjonslivet på Osterøy – eit interaktivt samarbeid». Dette prosjektet vart også presentert på konferansen, og då serleg med fokus på kva ein skal gjere vidare med elektroniske arkiv frå lag og organisasjonar. Vi ønskjer også å komme sterkt på banen når det gjeld å fylle på med godt digitalt innhald på nettet.

Tweed

mars 26, 2010

Museumssenteret i Hordaland var på studietur til Skottland i Februar. Etter et par dager i vakre Edinburgh flakset vi i snøstorm i et småfly over til Hebridene og øyen Lewis. Etter en heller frostig natt i et trekkfullt pensjonat i byen Stornoway, bar det ut på sightseeing. Ytre Hebridene, med øyene Harris, Lewis, Uist og Barra, er kjent for den lukseriøse Harris-tweeden, og av tekstilentusiaster i reisfølget var det allerede bestemt at turen måtte innom Lewis Loom Centre i Stornoway. Etter en famlende leting i gatene ved kaien, viste det seg at inngangen lå i en heller lite innbydende bakgård, og innehaveren måtte vi ringe etter til tross for at vi var godt innenfor åpningstiden. Når han omstider dukket opp, viste han seg å være en svært så hyggelig og kunnskapsrik mann. Han hadde vevd selv tidligere, men det var slutt på all produksjon nå. Lokalet var kaldt og guffent, og luktet sterkt av ull og gamle bjelkelag. Men for en fargesprakende blanding av tekstiler! Et fantastisk utvalg av tweed, diverse håndstrikkede produkter, grelle suvenirer og diverse antikviteter. Absolutt verd et besøk! Se bilder her

Lonevåg sett frå lufta i 1963

februar 3, 2010

Flyfoto av lonevåg frå Fjellanger Widerøe-samlinga ved Osterøy museum

Bygdesenteret i Lonevågen har gått gjennom ei enorm utvikling sidan dette bilde vart teke i 1963. Det er knapt gjennkjenneleg. Sjå foto frå Fjellanger Widerøe-samlinga vår på flickr. Der vil du mellom anna finne same foto frå Lonevågen, med notisar kva vi ser på bildet. Har du god lokalkunnskap om området, må du berre legge inn kommentarar. Det kjem fleire bilder til etterkvart.

Følg

Få nye innlegg levert til din innboks.